MØNSTRING 2024: 01. 11. 2024 - 02. 03. 2025 BILETKUNSTNARANE OG KUNSTHANDVERKARANE I SOGN OG FJORDANE (BKSF & NKVN-SF)
OPNING 1. November kl 18.00
Utstillinga Mønstring 2024 vert arrangert av Kunstnarsenteret i Sogn og Fjordane (KSF) i samarbeid med Sogn og Fjordane Kunstmuseum (SFKM),og vil finne stad i 2. etasje i museet frå 1. november 2024 til 2. mars 2025.
Mønstring er ei utstilling for kunsthandverk og biletkunst av profesjonelle organiserte kunstnarar, med tilknyting til Sogn og Fjordane.
Medlemsutstillinga er ein tradisjon og skal gje regionale kunsthandverkarar og biletkunstnarar høve til å syne kva dei arbeider med og kva som går føre seg i det profesjonelle regionale kunstlivet.
Kunstnarsenteret i Sogn og Fjordane er reetablert i Førde, og er i utvikling for å bli eit ressurssenter for kunstnarar, privatpersonar, verksemder og offentlege institusjonar i regionen.
Kunstfagleg råd i KSF vil velje ut verk av innsende arbeid og setje saman ei utstilling som viser eit tidsbilete på kunstscena i regionen.
Meir om KSF og BKSF:
Kunstnarsenteret i Sogn og Fjordane
Sogn og Fjordane Kunstmuseum:
Utstillinga Mønstring blir gjennomført i samarbeid med / med tilskot frå:
Sogn og Fjordane Kunstmuseum
Vestland Fylkeskommune
Sunnfjord Kommune