PRESSEMELDING CYSTENYREUNIVERSET

 PRESSEMELDING 


UTSTILLINGA CYSTENYREUNIVERSET MED SIGRID BJØRKEDAL

PÅGÅR I MOTTAKET I ÅLESUND FRAM TIL 09.11. 2024. 

ARTIST TALK (Temasamtale) OG FINNISAGE 08.11. KL 17.

OPE FOR PUBLIKUM


Du planlegger og arbeider mot ei utstilling i eit år, produserar ulike arbeid på ulike stadar, får nye impulsar. Situasjonar oppstår i familien, du bytter atelier, arbeidet endrar karakter. Du får eit lokale i 14 dagar (Mottaket), kvart enkeltarbeid får ei plassering, og objekta får endelig starte å kommunisere med kvarandre. Universet du fabulerte i februar, er plutseleg her. Det eksisterar. Velkommen til utstillinga CYSTENYREUNIVERSET. 


Denne utstllinga er ei utforsking i det å forstå volumet av Cystenyrene som veks i eigen og andre sin kropp over tid. Det handlar om å leve med den direktearvelege sjukdomen i familien og i slekta (ADPKD). Det som tidlegare kunne gjere at du fekk eit kortare liv, har vi i dag meir oversikt over, men framleis ingen kur, utenom å transplantere frå levande eller avdød donor om det skulle bli behov for det. Derfor er dette nokså vanleg for dei som lever med ADPKD.


For meg er relasjonar viktig, og kan hende har alle mine arbeid gjennom tida på ulike måtar handla om mellomenneskelege relasjonar og tilknyting. No har eg også forsøkt å sjå inn i kroppen, uten å nødvendigvis å ha lykkast heilt med det. Det har gitt meg det fysiske utløpet og uttrykket eg var ute etter.


Eg har laga denne utstillinga ut frå eige behov om å utforske dette temaet visuellt og eksperimentellt. Det emosjonelle dukkar opp i møter med andre sine livshistorier og situasjonar. Dei fleste som lever med Cystenyrer er også pårørande til andre som lever med det, og kjenner kan hende også nokon som har vore nyredonor. Det blir relevant for heile famliar då alle blir pårørande. Også det å gi ei nyre gjer deg til pasient for ein periode. 


Utstillinga er meint å gi rom for undring rundt vår indre kropp, og fleire av dei  som har vore publikum til no, går rett på eigen helsetematikk og har delt eigne historier om seg sjølv, eller som pårørande. Dette gjer at eg tenker at utstillinga fungerar som eg hadde håpt, og kan vidareutviklast etter utstillinga og arbeidsperioden på fantastiske Mottaket i Ålesund. 


Ved arrangementet Artist Talk fredag 8. November har eg fått med meg Sonja Navelsaker, ein slektning med felles ADPKD DNA, med brei erfaring frå å leve med dette i familien. Vi er også så heldige å få med kunsthistoriker Mariell Sørhaug frå Ytre Kunstfagskule som moderator. Siste muligheit til å sjå utstillinga er laurdag 9. November kl 12-17.


Sigrid Bjørkedal har lang fartstid som kunstnar, men har stort sett alltid hatt anna arbeid parallelt, og sett pris på ulike kulturelle erfaringar. Ho har gått fire år med kunstutdanning i England, der ho gikk ut i 2003. Sigrid flytta heimafrå som 16 åring, og har budd ulike stadar, men kjem alltid heim til natur og lokalkultur. Ho er frå Bjørkedal på Sunnmøre og Nordfjordeid i Nordfjord (der ho no bur). Bjørkedal har budd to år i Ålesund då ho gjekk teikning form og farge linja på Fagerlia i Ålesund i 1995-1997. Ho melde seg inn i Aggregat Kunstnerfelleskap på tampen av 2023, og har allereie hatt stort utbytte av dette fellesskapet, som er så viktig og verdifullt i vårt distrikt. 


Utstillinga CYSTENYREUNIVERSET består av keramikkformer, maleri med teknikkar som oljemaling, akrymaling, akrylblekk og akryltusj, naturlege treformasjonar og ei “nyresky” av gjenbrukte material heng i rommet. Den vil ikkje gi ei realistisk gjengiving av cystenyrer men illustrere og fabulere rundt dette temaet, og kroppen vår, arv, genetikk og det å leve med kronisk eller usynleg sjukdom generellt i eit prestasjonssamfunn. Det er dermed både personleg og universelt slik Sigrid sjølv ser det. Ho håpar tematikken i utstillinga kan vere med på å gi rom for samtalar mellom generasjonar.


Eg er takknemleg for korrektur før publisering.


Med vennleg helsing Sigrid Bjørkedal 06.11.2024