Pressemelding / refleksjon under pågåande prosjektperiode på Mottaket
TITTEL: SAMLE MINE TRÅDAR; MALERI RETROSPEKTIV, PROSESS
KVA: UTSTILLING OG PROSESS (Praktisk arbeid / arkivarbeid mm)
MOTTAKET, NEDRE STRANDGATE (VED TORGHALLEN) ÅLESUND
15. 04 - 25. 04. 2025 (+ nedrigg 26. og 27. April)
SIGRID BJØRKEDAL
OPNINGSTID: 13.00-17.00
EIT TILBAKEBLIKK
Sigrid Bjørkedal er tilbake på Mottaket, i Torghallen i Ålesund knapt eit halvår etter forrige separatutstilling der.
Denne gongen er det tidlegare maleri frå tidsepoken ca 2003 - 2015 som fekk vere med på riggelasset. På fem-seks dagar har to utstillingar oppstått.
Mottaket: eit rom for tverrfagleg produksjon og visning av kunst, er knytt til Aggregat Kunstnarfelleskap, der Sigrid vart medlem på tampen av 2023.
På Mottaket er det slik at kvar kunstnar eller kunstnargruppe kan disponere ei til to veker. Dagen etter eg flyttar ut, kjem ny kunstnar inn.
Denne gongen handlar det om å finne fram, pakke ut, og få oversikt over tidlegare arbeid i ei viss tidsepoke, (av verk framleis i mitt / kunstnarense ige). Det å la arbeid som ikkje ha vore presentert saman før, bli samla i eit utstillingslokale, og få forene seriar på same vegg.
Fleire av verka henger stilmessig og eller tematisk saman, men har ikkje vore vist saman før.
Samtidig er seriane ukomplette, då ein del enkeltverk naturleg nok er blitt selde ved tidlegare visningar.
Til den svart / kvite utstillinga mi her, knytta til det eg kallar “Forest of the Past” universet mitt, set eg spesielt pris på det kvite rommet på Mottaket, og prøvar å optimalisere det (“white box”, som ein gjerne kallar det). I det brune rommet (cardboardbox rommet eller papp rommet) kjem dei litt røffare oljearbeida, og dei fargesterke seriane godt fram. Etterkvar vil eg bytte ut dei største og tidlegaste verka i det eine rommet, for å få plass til andre verk.
Dørene har vore opne for publikum undervegs i prosessen med rigginga. Utfordrande, men det er litt av tanken med Mottaket, at publikum og forbipasserande får eit nærare innsyn i dei kunstneriske prosessane.
Rigging, vasking, sparkling, maling av veggar, utvelging, utprøving, plassering, oppmåling og alt som høyrer til monteringsprosessen og dokumentering av det heile, er er ein viktig del av det - spesielt i eit kunstnarstyrt lokale.
Enkelte blei litt forundra når dei kom inn i eit kaos med arbeid langs veggar og golv dei første dagane, mens andre forstår “work in progress”konseptet. Nokre fortel at dei kjenner seg sugd inn av enkeltverk. No er det heldigvis full orden. Det er artig å ha vindusutstilling på kveldstid no i påska, og så er det veldig mange i alle aldrar som handlar på nabobutikken her, (Bunnpris, som ikkje held stengd på helligdagane). Her er det trafikk og folk heile dagen, kvar dag.
Eg kjende meg i starten litt eksponert når eg stiller ut dei røffaste arbeida frå 2003, men det er interessant, og veldig triveleg at det er mange som gjerne delar sine tankar om nettop desse. Denne gongen gjer eg det også for min eigen prosess. Eg ser tydeleg retningane og epokane eg har hatt, og samanheng med val eg gjer i dag. Oljemaleri eg arbeider med i dag har element frå dei tidlege oljemaleria frå slutten av nittital og tidleg 2000 tal. Derimellom har eg ei lang epoke med strammare billedspråk, med akryl og teikning på lerret, og ekstremt redusert fargepalett. Arbeida bærer alltid preg av kvar og når dei er produsert. Det har vore nokre overaskelsar og variasjon av reaksjonar også frå meg sjølv i utpakkinga, det blir jo ei tidsreise både i minner med mennesker, relasjonar og lokasjonar, gjennom arbeida og det dei representerer for meg. For publikum vil det heldigvis vere ei anna oppleving.
Det er svært nyttig for meg å ha eit slikt retrospektiv. Eg vil også slå eit slag for å nytte verk om att. Rekontekstualisere dei. Det er ikkje slik at det går ut på dato, sjølv om ein har bevegd seg vidare. Det er nytt for andre som ikkje har sett det før, og konteksten er ny og gir ei anna heilskap. Du har sjølv eit anna perspektiv og er meir rusta på tilbakemeldingane ti - 20 år etter at verk er produsert.
Retrospektiv kan bli brukt som betegnelse for utstillingar som syner ein kunstnar si samla karriere, men det betyr også rett og slett tilbakeblikk. Sist eg hadde retrospektiv var ei mindre utstilling i 2004. Då var eg ung, men hadde malt i veldig mange år. Slike retrospektiv hjelper deg til å gå vidare framover.
Eg har allereie visjonar for neste prosjekt ved Mottaket som blir eit samarbeid, men det er nok litt lenger fram i tid, 2026 eller 2027. Dersom ein vil realisere prosjekt ein også ynskjer å søke midlar til, er det lurt å vere godt i gang med planar og forarbeid eit til to år i forvegen. Nålauga brukar dessverre å vere smale, men ein må berre fortsette å søke.
Framover arbeider eg med nye tema og idear til maleri eg skal produsere til Vevringsutstillinga i September. Det er fyrste gong eg er invitert til å delta der, men utstillinga har lang tradisjon, og hadde 45 års jubileum i fjor. Så det blir spennande.