
Laurdag er det klart for avslutningsutstilling for elevane som går Kunst-, Foto-, glas-, reise ved Fjordane folkehøgskule. Den tradisjonelle utstillinga er for første gong i Kulturhuset Gamlebanken. Olin Maria Yri
Dei siste vekene har elevane som går linja Kunst-, Foto-, glas-, reise ved Fjordane folkehøgskule på Nordfjordeid førebudd seg til avslutningsutstillinga. No er dei klar, og laurdag opnar dei utstillinga som har fått namnet «Flytevekt» i Kulturhuset Gamlebanken.
– Dette blir første gong vi har utstilling i Gamlebanken. Vi er veldig glade for å ha det der. Det er litt ekstra stas, og litt praktisk også der vi får ha utstillinga på skikkelege vegger, fortel linjelærar Sigrid Bjørkedal.
Første gong for mange
Elevane sjølv har laga det som skal stillast ut, men dei er også med å sette den opp.
– Det er veldig kjekt for oss å vere der nede i Gamlebanken, det er stas.
– Dette er første gong mange av oss stiller ut. Vi to har gått kunst på vidaregåande, og har hatt utstilling før, men vi har ikkje vore med på å sette det opp sjølv. Så dette er første gong vi er med å setter opp ei slik utstilling. Det ligg veldig stoltheit i det å vere med å sette den opp også. Det blir litt meir vårt eige, seier Ingeborg Arnesen Lodgaard og Sunniva Karolina Ellingsen.
Variert kunst
Det er ein kreativ gjeng som går kunstlinja på Fjordane folkehøgskule. Alle dei sju elevane som skal vere med å stille ut har ulike personlegdommar, erfaring og bakgrunn. I løpet av skuleåret på Fjordane folkehøgskule har elevane som går kunstlinja jobba med ulike teknikkar og materiale. I løpet av året har dei fått lært om foto av Dagny Sunde og keramikk av Arve Yndestad, som dei fortel har vore veldig kjekt. Noko av det skal dei stille ut i Gamlebanken.
– Vi har halde på med veldig masse forskjellig i år, og så har folk blitt engasjert på ulike område, som teikning, måling, glas, keramikk, trykk og foto, seier Ingeborg.
– Det er så mange moglegheiter, det er veldig prøve og feile, legg ho til.
Elevane har sjølv fått velje kva dei skal stille ut.
– Det blir ei veldig variert utstilling med forskjellig materiale og uttrykk. Alle har fått dyrka sitt eige, men vi har også blitt veldig inspirerte av kvarandre. Vi lærer veldig mykje av kvarandre, seier Ingeborg.
– De har kalla utstillinga for «Flytevekt». Kvar kjem namnet frå?
– Flytevekt er det vi brukar når vi skal blande glasur. Det bruker vi for å måle kor tjukk glasuren er. Det kjendest veldig riktig at utstillinga fekk namnet «Flytevekt», fortel Sunniva og Ingeborg.