Arbeida mine har over tid har vore knytt til identitet, mennesklege relasjonar, natur og tilknyting. Tidlegare med stor detaljrikdom og ofte planlagde og tidkrevande verk. No er eg i ei periode der eg arbeider friare og inviterar meir spontanitet både med material og innhald. Estetisk sett er det i dag ei lettheit og ei utforsking med improvisasjon, glede og nysgjerrigheit. Samtidig oftast med tyngde i underliggande tematikk. Arbeida vågar no å vere meir bevisst sjølvbiografiske, men er samtidig universelle.
Cystenyreuniverset: Tematisk sentrerar dette prosjektet som eg arbeider med mot utstilling i Mottaket hausten 2024, seg rundt tematikken direktearvelig cystenyresjukdom (ADPKD). Det betyr at veskefyllte cyster utviklar seg i nyrene over lang tid iløpet av livet. Etterkvart blir nyrene så store at det kan bli som ein tvillingraviditet. Deretter går også funksjon gradvis ned. I mine arbeid forsøker eg å bli litt klokare på eigen kropp, og volumet av det vi bær på. Eg er også interresert i andre sine historier i deira prosess, og ettersom dette er ein slektsjukdom er vi mange som har det, hos oss, men også på verdsbasis.
Tilknytning: Eit parallelt og saktegåande prosjekt som handlar om tilknytning til heimstaden min Bjørkedal, og det komplekse rundt det. Det handlar om å stadfeste eigen identitet, men også grave i kulturarv og generasjonar som alltid har vore viktig for meg. Sjølv har eg hatt ein parallell oppvekst i Nordfjord og Sunnmøre, på tvers av grenser, noko eg fortsatt opererer med i dag.
Med maleri og teikning på lerret brukar eg ei rekke medie, og likar å eksperimentere, samt improvisere. Tusjar, akrylblekk og maling, akryl eller olje. Eg er framleis entusiastisk over muligheitene og effektene du kan få med ulike material. Dei siste par åra har eg vidareutvikla mine kunnskapar og ferdigheiter i keramikk og har virkelig blitt grepa av leira, eit medie eg alltid har hatt stor respekt for. Det passar godt med at eg også ynskjer tredimensjonale arbeid i ei heilheit i utstillingsamanheng. Det gjer også godt å få arbeide materialbasert.
Eg tok kunstutdanning i England, og har flytta ein del rundt frå eg var ungdom. Ved sida av kunst har eg alltid hatt ei rekke jobbar, og trivst med sesongarbeid, vikariat og frilansing. Eg har vore nysgjerrig på å erfare ulike miljø og oppleve ulike stadar. Derav har frilans reiseleiar vore det mest langvarige. Eg opplever at alt arbeid eg har fått vere med på matar inn i det kunstnariske arbeidet og heilheita i livet, med matproduksjon, kulturarv, dyr, plantar, natur, mennesker og relasjonar.
Dyrking og livsbalansen: Eg er oppteken av bærekraft og detaljane i naturen. Pollinatorar, artar, kompostering som mating av jordlivet, og mangfaldet i naturen. Det å sanke og dyrke og ete eigen mat gir meg stor glede, samtidig er det ein del av vår kulturarv som eg gjerne vil lære meir om, også frå tidlegare generasjonar. Når og om kunsten og desse interessene vil krysse grenser er uklart, men det er ein nødvendig del av mi helse og livsbalanse, som eg gjenoppdaga i større grad når eg vart sjuk i 2020.
Å ha redusert kapasitet over tid tvingar ein til å prioritere, og velge det som er viktigast og overkommeleg, og takke nei til det som kostar for mykje livesenrgi. Å fortsette å lære, utforske og produsere er ei stor glede for meg. Mens det å strukturere og roleg få gjort alt eg vil, forblir den største utfordringa, med ein ballbinge av idear og nysgjerrigheit flytande rundt til eikvar tid.