Gjesteatelier, kurs, aktivitetar og møtestad?
Eit framtidig arbeidslokale for kunstnarar og handverkarar og lærelystne, på Vassenden i Jølster?
Det ville vore fantastisk, då dette er mangelvare i nordre Vestland. Det ville komt oss som bur og arbeider i regionen tilgode, men er også ein flott lokasjon for andre å kome til.
Dette huset har skapande arbeid i veggane, med store opne rom, grafikkpresse, monteringsveggar, mørkerom, det tre meter høge staffeliet frå Magne Vangsnes, vevstolar med meir. Kansje kan ein nytte keramikkovn i skulen i nabohuset, eller at besøkande kunstnarar bidreg kunstfagleg til skulen?
Engasjementet og interesse er det rikeleg av. Det såg vi første kurshelga, med aktivitet i alle tre etagar. Med fagleg bredde, og like stort engasjement og innsats i alle generasjonar.
Dei besøkande var oppriktig interreserte, og fleire uttrykte kor viktig dette er. Mange har gode minner, og fagleg kunnskap herifrå. Vi som deltok på kurshelga har hatt det heilt topp og kjem snarast tilbake for å arbeide vidare om vi får anledning til det.
Jølster er ein flott stad å samlast, eller arbeide konsentrert for seg sjølv. Det kan også vere med på å fortsette / formidle kulturhistoria frå Jølster med omegn.
Om det er vilje frå Sunnfjord Kommune som eig huset kan dette bli veldig bra.
Følg Jølstrahuset og del informasjon om framtidige arrangement:
"Jølstrahuset - rom for skapande arbeid
Gjennom eit forprosjekt med støtte frå Kulturrådet og og Sunnfjord kommune, ønskjer vi å greie ut grunnlaget for etableringa av eit kultur- og handverkshus på Jølster.
Formålet er å utvikle ein stad for skapande arbeid i form av kunstnarleg verksemd, men også som ein lærestad både for handverk, husflid og moderne, digitale verktøy for kreativt arbeid.
Vi er no i ein oppstartsfase, men allereie i august vert det aktivitet i Jølstrahuset i form av kurs. Kursa tek utgangspunkt i tilboda som tidligare Heimeyrkeskulen husa, og du vil møte lokale krefter innanfor kunst og handverk som kurshalderar"