Takk til Moderator Mariell Sørhaug for ein fantastisk jobb med å forberede gode spørsmål med tydeleg refleksjon rundt tematikken og arbeidet mitt, for fokus og nyskjerrigheit.
Takk til Sonja Navelsaker som delte av sine erfaringar, refleksjonar, livsperspektiv og tryggheit, og ga kunstnarsamtalen / temasamtalen den bredde og fylde som vi hadde visjon om.
Takk til publikum som har komt innom planlagt eller tilfeldig, og som har delt eigne tankar, helsehistorier og opplevingar. Spesiell takk til publikum, kunstnarar, nær familie, og slekt som kom og bidrog på kunstnarsamtalen / finnisage.
Takk for all hjelp og støtte, og digital deling eg har fått frå Mottaket (som ny kunstnar på bruk av prosjekt og visningsrommet), til Trine, Sofia og Elise for digital design, og dei andre kunstnarane i Aggregat Kunstnerfelleskap som eg er blitt litt betre kjent med no. Takk til Bent Erik for proffsigare foto, og fleire andre som har bistått med diverse foto når dei har vore innom!
Takk også for presseinteresse! Meir er på veg her...
To veker er knapt for eit slik prosjekt, men jammen gir det mykje.